Hopp til innholdet
Hjem/Aktuelt/

Bygdedyret og psykisk helse

Essay
2. januar
2025
Fakatfyk
2025

Bygdedyret og psykisk helse

Illustrasjon av Helene Brox

Det å vekse opp på bygda kan vera både godt og vondt for den mentale helsa. Korleis skal ein manøvrere gjennom dette som ungdom?

Peter F. Strassegger
Forfatter

Lytt til teksten som lydklipp:

Mange som bur i distriktet har nok møtt bygdedyret. Ein blir ikkje invitert i selskap, ikkje teke med på laget, folk går sin veg når ein kjem. Ein kan kjenne seg utstøyt av fellesskapet, at det ikkje er plass til ein, folk baksnakkar og hengar ein ut på sosiale media. Då kan det vera ekstra vanskeleg å bu ein liten plass.
Forfattaren Tor Jonsson var den fyrste som sat namn på bygdedyret. I 1949 skriv han i novella Liket om ein gut som heiter Arne som tok livet sitt som følgje av all mobbinga, uthenginga og utestenginga som han gjennomgjekk.
Bygdedyret er gift for den mentale helsa. Å bli mobba, uthengt og utestengt i ei innestengd bygd der du har få å gå til, lite nettverk, ingen stadar der du blir akseptert for den du er, kan gå sterkt utover den psykiske helsa. Ein kan bli pressa så langt som Arne. Det er forferdeleg, og dessverre skjer slikt framleis. Så lenge folk held fram med mobbing og utestenging, vil bygdedyret leve vidare.

Kva seier forskinga?

To forskarar ved OsloMet undersøkte nyleg korleis ungdom i distriktet har det i dag, og dei fann litt ulike ting om korleis det er å vekse opp «på landet».
Det viktigaste funnet er faktisk ganske positivt, og står i kontrast til bygdedyret. Forskarane fann nemleg at det er mindre psykiske helseplager i distriktet, og at livet på bygda er prega av djup tilhøyrsel, slektskap, sosial støtte og større grad av deltaking i fritidsaktivitetar enn i andre strøk. Dei vaksne er til stades og sterkt engasjert i deltakinga på fritida. Fritidsaktivitetar på bygda blir faktisk rekna å vera meir inkluderande i distriktet enn elles i landet.
Så for veldig mange er det kjempefint å vekse opp på landet. Og det er kanskje ikkje så rart? Når du veks opp i ei lita bygd er verda enkel og oversikteleg, ein kjem gjerne frå ein familie som har budd på staden i fleire generasjonar, og alt har sin faste plass. Då gjeld det berre om å finne sin plass og gjera som dei andre, så går det meste bra.

Ungdomstypane på bygda

Forskarane meiner det finst ulike typar ungdom på bygda. Den største delen kallar dei for «Dei rotfesta og veltilpassa». Det er omtrent halvparten av alle ungdom dei undersøkte. Dei har det stort sett veldig bra, og det er flest gutar i denne gruppa.
Så finst det også andre typar ungdom på bygda som ikkje har det så bra.
«Dei som vil opp og ut» har mykje pågangsmot, optimisme og overskot, kjem frå gode nettverk, men kjenner at dei ikkje passar inn. Dei vil gjerne vekk og ta høgare utdanning. Bygda er kanskje for liten for dei og det tek på å vekse opp her, for mange av dei har lågare sjølvkjensle og meir fysiske og psykiske plager. Det er flest jenter i denne gruppa, og det som kjenneteiknar dei er at dei vil noko anna, vil få meir ut av livet enn det bygda kan tilby. Kanskje dei er lei av ungdomane som berre vil det same som foreldra, lei av «guttas bygd» og det mannsdominerte statushierarkiet ein ofte ser på bygda? Kanskje dei vil oppnå større ting i livet enn å gå inn i firmaet til far, ta over ein gard, jobbe i butikken og få barn?
Ein får håpa dei får det betre når dei flyttar vekk.

Dei sårbare

Forskarane fann også ei gruppe som har det veldig vanskeleg på bygda. «Dei sårbare» utgjer ein mindre del av ungdommane, består av både jenter og gutar, men har det ofte veldig vanskeleg. Arne, i novella til Tor Jonsson, var nok ein av dei.
Ifølgje rapporten er det også ein tydeleg kjønnseffekt, der jenter har det vanskelegare enn gutar på bygda. Jenter rapporterer om meir mobbing, og jo lenger ut i distriktet ein kjem, desto meir blir jenter mobba. Jenter i distriktet har lågare sjølvbilete, opplever meir kroppspress og har dårlegare fysisk og psykisk helse generelt. Og spesielt vanskeleg er det for jenter frå dårlegare kår, dei er mest utsett for mobbing, psykiske plagar og dårlegare helse. Dei vil gjerne flytte vekk frå bygda, ikkje for å utdanne seg, men berre fordi dei vil vekk frå det vonde.

Venskap er viktig

Å ha ein god ven er viktig. Det er ein liten skilnad i den sårbare gruppa mellom dei som hadde gode venar og dei som ikkje hadde det.
Det er å ha ein god ven kan vera redninga for mange. Det å ha nokon å stole på, nokon å dele vanskar med, er som regel bra for den psykiske helsa.
Arne hadde ein ven. Men var det nok med ein ven for å redde han? Nei, for også vener til dei som blir utsett for mobbing får kjenne på makta til bygdedyret. Venen til Arne gav nokre gonger etter for presset når han hadde blikket frå dei andre retta mot seg, og blei med på mobbinga. Han svikta venen sin, sjølv om han ikkje ville. Det er nok dessverre ganske vanleg å gje etter for slikt gruppepress.

Kva kan hjelpe?

Det krevst ein landsby, er slagordet mange tyr til i dag. Med det meiner ein at alle må bidra. At alle kan gjera noko bra. Spesielt dei vaksne.
Og ja, det er dei vaksne sitt ansvar å vera til stade for ungdomen, hjelpe dei som har det vanskeleg, og skapa ein stad der det er aksept for alle.
Så om ein har det vanskeleg, er det ofte lurt å snakke med nokon. Dei vaksne skal vera her for dykk, og skape ein trygg relasjon der du kan opna deg, bli lytta til, høyrt og forstått, utan å bli kritisert.
Men kan ungdomen gjera noko sjølv?
Som ungdom har ein ikkje så mykje ansvar, utanom eitt: Du har ansvar for deg sjølv. Det er eit stort ansvar, men det kan òg vera ein bra ting. For å ha ansvar for seg sjølv, betyr at ein må tenke over kva ein gjer. Det betyr også å tenke over korleis det ein gjer påverkar andre. Er ein med på å skape eit bra, inkluderande miljø for alle, eller ikkje?
Dersom det krevst ein landsby for å skape eit godt sosialt miljø i ei bygd, må kanskje alle, også dei som allereie er rotfesta og har det godt, spørje seg: Korleis kan eg sjølv vera med på å gjera noko godt for andre?
For om det er ein ting som er gift for bygdedyret, så er det når folk bryt med gruppepresset og byrjar å gjera gode ting mot kvarandre. Arne kunne trengt at nokon vaksne stod opp for han og sa at mobbinga ikkje var greitt. Og kanskje han samstundes kunne trengt ein ven som tok han til sides og sa: Kom, skal me gå på fisketur saman?

Referanser:

TOR JONSSON: LIKET (1949) I: TOR JONSSON «BLANT BYGDEDYR OG VESTKANTKROKODILLER», DET NORSKE SAMLAGET, 2000
Ingunn Marie Eriksen og Patrick Lie Andersen: Ungdoms tilhørighet, trivsel og framtidsplaner i Distrikts-Norge. En flermetodisk analyse av betydningen av bosted, kjønn og sosioøkonomiske ressurser (2021)

Ungdomars liv på bygda er prega av sterke band, tilhøyrsle og aktiv deltaking i lokalsamfunnet.

Her er ein artikkel som forklarar funna i rapporten som blir referert til i teksta.

«Du høyrer ikkje heime her lenger» Ingen sa det. Men eg følte det

Debattinnlegg om å besøke heimbygda etter ein har flytta frå ho.

Norges bygdeungdomslag

Matoma – aldri god nok

Av Stian Hjelvin Andersen og Tom Stræte Lagergren

Matoma er en av Norges mest suksessfulle musikkprodusenter og folkekjære TV-personligheter. Med denne boka ønsker Matoma å inspirere andre til å drømme stort og jobbe hardt, og Matomas metoder hjelper deg å tenke og reflektere over livet på nye måter, slik at du kan bli en bedre utgave av deg selv. Jeg har blitt hatet, jeg har blitt elsket. Men er det én ting jeg har lært: Hvem bryr seg! Verden rundt oss setter uendelig mange krav og standarder som vi måler oss selv etter, eller som andre måler oss mot. Men i bunn og grunn er det bare støy. Den eneste du skal sammenlikne deg med, er deg selv. Bare du kan bestemme om du faktisk er «god nok». Spoiler alert: Det er du allerede! I denne boken deler jeg 10 viktige verdier som jeg har lært, og i tillegg får du lese om mitt eventyrlige og ville liv som både Tom og Matoma. Mitt mål er at du skal tenke nytt på hva du selv legger i det å være «god nok», og forhåpentlig vil det bidra til at du blir både sterkere og gladere. Fremtiden er din!

Les også