Hopp til innholdet
Hjem/Boker/

Sting

Sting

Utgitt av Samlaget

Antall sider: 124

Språk Norsk (nynorsk)

Utgivelsesår: 2022

Om boken

16 år gamle Emma vaknar på sjukehus med eit skotsår i magen. Kva som har hendt, hugsar ho ikkje heilt, men dei seier at det er faren som har skote ho. Som einaste overlevande etter ein familietragedie må Emma flytte til mormora si langt ute på landet. Der bur også Hannes, naboguten som har fotografering som hobby og gjerne vil bli venn med Emma. Psykologen Beate seier at Emma ikkje kan kome seg vidare før ho hugsar kva som har skjedd. Men Emma kan ikkje hugse, vil ikkje hugse.

Anmeldelser (1)

mot og håp etter tragedien

Amalie

24.09.2024

Sting er ein roman skriven av Therese Garshol Syversen. Boka handlar om 16 år gamle Emma. Ho vaknar opp på sjukehuset med eit skottsår i magen. Ho huskar ikkje kva som har skjedd, ho vil ikkje hugse. Legen seier at faren skaut henne, men kvifor?

Eg meiner at boka starta in medias res. Starten var veldig spennande, og eg ville lese meir. Eg visste ikkje heilt kva som hadde skjedd. Kvifor skulle ein far skyte si eiga dotter? Etter kvart som Emma huska meir, fekk eg svar på spørsmåla mine.
I tillegg til at boka var gripande, var den også svært lettlesen. Forfattaren har brukt forståeleg språk til tross for at det var nynorsk. Romanen er også kort, og sidene består av stor skrift. Det gjekk veldig fort å lese den.

Det var ganske lett å føreseie boka, men den var framleis bra. Slutten var roleg og lukka. Eg likar bøker med lukka slutt fordi då slepp eg å stille meg sjølv spørsmål eg ikkje får svar på.
Det er fleire grunnar til at eg verkeleg lever meg inn i handlinga.

Miljøskildringane er så detaljerte at eg kan sjå for meg omgivnadene klart, noko som skapar ei spennande og til tider skummel stemning. Eg relaterer også veldig til karakterane. Deira kjensler og tankar gjer at eg bryr meg om dei. Eg likar også korleis karakterane utviklar seg gjennom historia, det gjer meg endå meir
engasjert. Handlinga er full av spennande vendingar som held meg på kanten av setet. Alt dette bidrar til at eg verkeleg føler meg som ein del av historia.

Etter å ha lese "Sting" av Therese, sit eg med blanda kjensler. Boka tar opp tema som vennskap og mot, men eg kan ikkje unngå å tenkje på kor mykje den også utfordrar normene i samfunnet vårt. Karakterane gjer val som kan verke kontroversielle, og det fekk meg til å stille spørsmål ved kva som er rett og galt.

Eg meiner det er viktig at bøker som denne får oss til å tenkje kritisk og diskutere vanskelege tema. Sjølv om eg ikkje alltid var einig med karakterane sine avgjersler, synes eg forfattaren skriv bra og har med gode bodskap og tema. Eg gir boka terningkast 5.



Se alle anmeldelser