Hopp til innholdet
Hjem/Boker/

Splintra

Splintra

Utgitt av Samlaget

Språk Norsk (nynorsk)

Utgivelsesår: 2022

13 kommentarer

Om boken

Sommaren etter tiande klasse ligg fri og utstrekt framfor Mia og vennegjengen hennar. Snart ventar vidaregåande, og dei skal splintrast og fyke i kvar sine retningar. Men dei har denne sommaren i lag, her og no. I løpet av ferien kjem Mia og Are nær kvarandre på ein ny måte, og det blir vanskeleg å skilje mellom kva som er vennskap og kva som er kjærleik. Hausten kjem, og Mia flyttar på hybel. Ho blømer i det nye miljøet på musikklinja med musikal og konsertar, hybelliv, festing og nye venner.
Så blir Are sjuk. Veldig sjuk.

Topp tre tagger

Sint

Sjokkert

Kul

Kommentarer (13)

Liker ikke denne dialekta

Sinna Kar

25.01.2024

SintSint

Håper Are dør.

Vet ikke

18.01.2024

Boken var ikke... min type hvis dokker skjønner. :/

i put my armor on show you how strong i am

10.01.2024

SintSint
SjokkertSjokkert

HATER!!

jonal

6.11.2023

SintSint

sooo realisticccc !!!! ooo

gloria

6.11.2023

ForelsketForelsket

bajs. jeg fortso ingenting

ADELAY

6.11.2023

SintSint

liker ikke dialekta!!

selin

6.11.2023

GladGlad

skjønte ikke, likte ikke.

stina marte

6.11.2023

TristTrist

Personlig ikke min smak, jeg tror heller ikke ungdommen er så interessert i sånne tulle historier lenger.

pigeon punks

30.10.2023

Boka var forferdlig men gir den 5 stjerner fordi det er synd på dem

Gluten

25.10.2023

SjokkertSjokkert
SkummelSkummel

denne boken er urealistisk 🤬🤪😮‍💨😶 \

Yonis

26.09.2023

KulKul
TristTrist

En veldig bra bok en jeg kommer til og lese mange ganger

Splintra

18.09.2023

Elsker Elsker

Når som helts baby

Kule_klara05

28.08.2023

KulKul
TristTrist
Se alle kommentarer

Anmeldelser - Uprisen 2023 (1)

Føreseiande, men aktuelle tema

Isabell

24.09.2024

«Splintra» er ein ungdomsroman skriven av Hilde Myklebust. Den handlar om Mia og vennegjengen som går i tiande og snart skal splintrast, men først har dei ein sommar igjen. Are og Mia blir veldig nære, men så kjem hausten. Mia flyttar inn på hybel med Else for å gå musikklinja, imens Are blir igjen. Alt er fint og Mia er der ho skal være akkurat no. Det er nye vener, musikalar og konsertar, festing, hybelliv og venegjengen møtast heime i helgane. Men så blir Are frykteleg, frykteleg sjuk.

Sjølve boka var lettlesen og ei fin bok for ungdom, som er målgruppa. Den har korte kapittel som gjer at ein flyg gjennom den, og ikkje blir lei. Forfattaren skriv også med eit enkelt språk som er lett forståeleg for ungdom flest.

Eg meiner boka tok før seg mange viktige tema som å flytte heimanfrå, identitet, skilje vegar i livet, vennskap, å takle vanskelege situasjonar og kjærleik. I tillegg prøver ho å få fram bodskap som «å velgje sin eigen veg i livet», «å være seg sjølv og modig når ting er vanskeleg» og «kor viktig det er å støtte kvarandre som venar». Dette er tema og bodskap som er aktuelle for ungdom i dag, meiner eg.

Karakterane var godt utvikla og dei var veldig forskjellige. Dei var ikkje generiske, og eg likte mange av dei. Her har forfattaren gjort ein god jobb med å gi kvar av dei sine eigne personlege preg. Dette er med på å skape ein nærheit til dei, nokke som er utroleg viktig i ei bok. Eg følte også boka var veldig trist, og den klarte å skape melankolske følelsar i meg.

Ein ulempe med boka er at ho er ovleg lett å føreseie kva som ville hende veldig tidleg i boka, og dette trekk den veldig ned. Boka brukte også god tid på å byggje seg opp til sjølve handlinga i boka, og det kjendest ut som at forfattaren drog den altfor lenge. Det er kanskje viktig for ein del bodskap og tema, men disse skal kome naturleg og boka skal ikkje trengtest å dragast på for å få dei fram. I tillegg var boka sin slutt veldig rar etter min meining, og eg forstod ikkje Mias val. Slutten til boka falt ikkje i smak hos meg, enkelt sagt.

Alt i alt var boka ovleg enkel å føreseie, men hadde ein god del aktuelle bodskap og tema for ungdom. Forfattaren klarte også å skape ein nærheit til karakterane, noko som førte til å skape triste følelsar hos meg når dei gjenomgikk nokke tungt. Boka var også lettlesen med eit enkelt språk, og når målgruppa si som er ungdom. Slutten falt ikkje i smak hos meg, men kan høgst sannsynleg falle i smak hos andre. Eg vil anbefale boka til ungdom som vil lese ei trist bok med aktuelle tema for ungdom. Eg vil heller styre unna dei som ikkje er interessert i ei bok som er enkel å føreseie. Og eg vil gje boka terningkast 4.

Se alle anmeldelser