Hopp til innholdet
Hjem/Boker/

På leit etter hjartet ditt

På leit etter hjartet ditt

Utgitt av Utenfor Allfarvei Forlag

Antall sider: 103

Språk Norsk (nynorsk)

Sjanger

Utgivelsesår: 2022

Om boken

På leit etter hjartet ditt er en ungdomsroman om sorg, men også om valgene man man tar som ung. En ung jente forelsker seg, og hennes utkårede dør i en bilulykke før forholdet starter ordentlig. I sorgen og fortvilelsen over kjærligheten hun aldri rakk å oppleve, ender hun opp med en intens jakt på mottakeren av kjærestens donorhjerte. Dette kan også ses på som en fortelling om «uautorisert sorg», som oppstår når omgivelsene ikke anerkjenner sorgen man står i.

Anmeldelser (1)

Fann ho hjartet ditt?

Alva

18.10.2024

Boka På leit etter hjartet ditt av Tone Nilsen-Bie er ein romansebok om ei trist kjærleikshistorie. Boka handlar om Tirill, ei jente som forelskar seg i Sigve som er forlova. Dei blei saman, men det varte ikkje lenge. Då han var på veg til Tirill etter ein fest, der han hadde sagt han ville gifte seg med ho, kom han i ein bilulykke, og ikkje lenge etter døydde han. Han tok del i en organdonasjon, deriblant hjartet. Tirill blei rasande og bestemte seg for å finne hjartet som ble teke frå ho.
Eg synest boka var bygd opp på ein rar måte. Den starta med ei forteljing om Tirill og Sigve, og veldig fort døydde Sigve. Alle meinte det var Tirill sin feil. Kjærleikshistoria mellom Sigve og Tirill blei lite skildra. Viss forfattaren hadde dratt ut historia om Tirill og Sigve, føler eg at det ville blitt betre. Fordi da kunne ein fått betre kjenning på historia dems, da hadde det vore enklare og levd seg inn i historia deira.
Det var fleire uventa hendingar og tydelege vendepunkt i historia som endra boka heilt. Dette følte eg skapte mykje frustrasjon, og ein mista litt av sjølve historia. Boka slutta også på eit stort vendepunkt som kunne blitt utgreia meir. Ein følte veldig at historia gjekk for fort fram.
Boka hadde mykje frustrerande vendingar som fekk meg som lesar til å måtte legge frå meg boka og tenke litt over kva som verkeleg skjedde, ikkje på den gode måten. Det skjedde veldig mykje på ein gong, som gjorde at det blei vanskeleg å følgje med.
I boka skriv ho i første person. Samstundes er eit hovudfokus at ho snakkar om Sigve som andre person. Dette får lesarane til å føle seg som Sigve. Eit slik grep kan få lesaren til å kjenne det ho skriv, som gjer det spennande og gir betre flyt. Du kunne føle at du var ein del av historia, og at ho hadde desse tankane om deg. Det var få karakterar å forhalda seg til; få folk kom inn i historia, og alt var nesten berre om Tirill. Miljøet blei ikkje snakka om så mykje, men det var kaldt, og mykje skjedde om haust-/vintertida. Med desse handlingane kunne ein føle at det var trist og dystert.
Som eg har sagt tidlegare, er boka full av uføreseieleg vendingar. Dette kan ein ikkje vite om er forfattaren som har laga med vilje, men det kan skape frustrasjon. Boka er ein veldig trist historie og får fram lite glede. Med dette kan det bli veldig mykje trist på ein gong, og det kan gjere boka litt eindimensjonal og uinteressant. Det at boka hoppar midt i fortellinga til ein heilt annan stad og omgjevnad, gir boka lite flyt og heng ikkje saman så mykje som den kunne.
Alt i alt er boka ei trist kjærleikshistorie med mange uføreseieleg vendingar som kan frustrera ein kjapp lesar, men også gjere det spennande. Ein kan aldri vite kva som skjer neste gong. Kva forfattarar kan ha meint med boka, er at den får deg til å kjenne på korleis det er med kjærleik og kjærleikssorg. Det kan og vere for å gi eit syn på kva ein tar for gitt. At ein må ta sjansar på kven ein har rundt seg. Det gir deg eit lite bilete av kvifor du kan styre livet ditt vidare. Kanskje berre seie kva du føler for han/ho. Eg synest at boka var ei fin historie, men kunne vore meir utdjupa. Og ikkje så mykje uforutsigbare vendingar, litt meir frampeik. I alt gir eg boka ein terningkast 3.

Se alle anmeldelser